Andre språk:
- dansk
- Deutsch
- Ελληνικά
- English
- Esperanto
- español
- føroyskt
- français
- 日本語
- norsk bokmål
- Nederlands
- norsk nynorsk
- русский
- svenska
- українська
Fil > Last ned data
Innhaldsliste
Snarvegtast:
Ctrl+Shift+↓
Last ned kartdata frå tenar etter ditt val.
Å lasta ned data med Nedlastingsvindauget i JOSM følgjer desse 3 enkle stega:
- Vel kjelde tenar og valfritt juster nedlastingsalternativa som tenaren tilbyr
- Vel område å lasta ned
- Klikk på
Last ned
Merknad: Viss Ekspertmodus ikkje er aktivert, vil følgjande tekst verta vist (nedst i vindauget): Bruk venstreklikk & dra for å velja område, pilar eller høgre museknapp for å scrolle kartet, scrollehjul eller +/- for å zooma.
![]()
Kjelde tenar og tenar nedlastingsalternativ
Standard er det berre ei kjelde, hovud OSM-tenaren. Viss ekspertmodus er aktivert, då har du også tilgang til andre tenarar. Kvar tenar har sine eigne spesielle nedlastingsalternativ, som er forklarte under.
Last ned frå OSM
Dette er standard nedlastingsmetode. Ulike typar data kan verta lasta ned (det er mogleg å lasta ned alle tre typane samstundes):
Det kan visa ei raud åtvaring under avmerkingsboksane for datatype viss det valde området truleg er for stort for tenaren og vil verta svara med feilmelding.
Du kan lasta ned større område ved å bruka fleire små eller prøva anna kjelde tenar.
Last ned frå Overpass API (ekspertmodus)
Den store fordelen med Last ned frå Overpass API samanlikna med Last ned frå OSM er at du kan avgrensa nedlastinga til spesifikke objekt, i staden for "alle objekt i område". Viss du brukar denne nedlastingsmetoden, sørg for at du veit kva du gjer, fordi arbeid med ufullstendige datasett kan leia til relaterte problem, feil eller doble data, eller tenarkonfliktar ved opplastingstid. Spredd Redigering forklarer moglege problem.
Overpass API tilbyr nedlasting av OpenStreetMap-dataelement berre (dvs. ingen gps-spor eller notatar).
For å bruka Last ned frå Overpass API plasser Overpass-spørringa di i den store tekstboksen. Sjå Overpass QL for syntaksen hans. Utvida Overpass Turbo-Spørringar er tillatne. Du kan leggja til, redigera og sletta dine føretrekte spørringar i lista til høgre. Vellykka utførte spørringar vert automatisk lagde til i lista med "historie" og tida og datoen som namn på denne spørringa. Skriv tekst i den lille tekstboksen over lista for å filtrera lista.
Viss {{geocodeArea}} er ein del av spørringa, vil han verta vurdert. Viss {{bbox}} er ein del av spørringa, då treng du å velja området å lasta ned (sjå under). Viss ingen av dei er til stades, då vil han søkja og lasta ned globalt. Viss spørringsboksen forblir tom, kan du lasta ned alle data i det under spesifiserte området å lasta ned.
JOSM stille autoriparerer nokre feil frå spørringa (t.d. erstattar out:json med out:xml eller erstattar out:body med out:meta), liknande til autoripareringsfunksjonen til overpass turbo nettstaden.
Spørringsmagikaren som brukar JOSM søkje syntaks hjelper deg med å oppretta Overpass Turbo-spørring.
I føretrekt redigeringsvindauge inneheld den første boksen namnet og boksen under spørringa.
Last ned frå Sophox API (ekspertmodus)
Liknande til Last ned frå Overpass API brukar denne nedlastingsmetoden spesielle spørringar for å avgrensa dei nedlasta data. Han har dei same eigenskapane for å lagra dine føretrekte spørringar.
Bruken av Last ned frå Sophox API er forklart i osm-wikien. For å bruka denne nedlastingsmetoden treng du å installera Wikipedia Programtillegg (en).
Last ned frå MapWithAI API
Dette krev programtilleggjet MapWithAI (en).
Område å lasta ned
I tillegg til tenarvalet treng du å velja i kva område ("avgrensa boks", "bbox") du vil lasta ned data (unntatt for spesielle Overpass eller Sophox spørringar). Området å lasta ned kan verta vald i ulike faner.
Glidekart fana er den mest intuitive, fordi du enkelt kan teikna bbox-rektangel med musa di på kartet. Viss du endrar bbox i anna fane og går tilbake til Glidekart, vil han visa den nye bbox, så du kan justera han før nedlasting. Når nedlastingsdialogen er kalla med data allereie lasta, vil bbox av nedlastingsvindauget vera den same som din noverande kartvisning.
Glidekart
Glidekart gjev eit flyttbart kart som på OSM-hovudsida som du kan interaktivt velja området å lasta ned med. Flytt kartet på JOSM-måten ved å trykkja og halda høgre museknapp og vel område ved å trykkja og halda venstre museknapp.
Ved å klikka på knappen øvst til høgre gjev deg moglegheita til å endra det viste kartet for dette vindauget. Dei tilgjengelege karta er baserte på dine Biletinnstillingar (en).
Bokmerke
I Bokmerke fana kan du velja frå dine førehandsdefinerte bokmerke, eller oppretta eit nytt bokmerke frå den noverande avgrensa boksen (bbox) eller området definert i anna fane høvesvis.
Det er spesielle bokmerke som ikkje kan verta modifiserte direkte:
- Heimebokmerket representerer heimstaden du har konfigurert i din osm-profil på osm.org.
- Med
knappen til venstre kan du lasta ned bbox-ane av dine siste 15 endringssett, som då vert lagde til som bokmerke.
Dobbelklikk på bokmerke for å direkte lasta ned den relaterte bbox eller enkelklikk på bokmerke, byt til Glidekart fana og juster bbox før nedlasting.
Avgrensa Boks
I Avgrensa Boks fana kan du konfigurera breidde-/lengdegrensene av data å lasta ned, og også lime inn URL frå anten www.openstreetmap.org eller www.informationfreeway.org.
- For å lima inn frå kartet på OpenStreetMap-nettstaden, zoom til området du er interessert i og kopier URL-en frå adresselinja i nettlesaren din. Deretter gå til JOSM, og lim inn denne URL-en i "URL av www.openstreetmap.org" boksen. (I Windows for å lima inn i boksen, venstreklikk på boksen, og deretter gjer
Ctrl+V). - For å lima inn frå www.informationfreeway.org zoom til området du er interessert i, og deretter kopier den permanente lenkja nedst til høgre på skjermen, og lim inn som skildra ovanfor.
I staden for å lima inn URL-en i tekstboksen, kan du trykkja Ctrl+V på kva som helst anna fane for å analysera grensene frå den innlima URL-en.
Du kan kopiera grensene til utklippstavla med Kopier grense knappen
Område rundt stader
I Område rundt stader fana kan du søkja spesifikke stader, gate namn, osv, i OSM-databasen. For tida er det berre ein tenar for søkjet tilgjengeleg: Nominatim. Viss det er meir enn 10 resultat, er berre 10 resultat viste og knappen endrar seg til "Søk meir...".
Etter at du har klikka på søkjeresultat kan du bytta tilbake til Glidekart fana (som zoma til området av søkjeresultatet) og justera den avgrensa boksen.
Flisnummer
I Flisnummer fana kan du skriva inn eit tal av fliser og zoomnivå for å lasta ned data frå desse flisene. Alternativt, skriv inn Flisadresse. Dette kan sjå litt rart ut, spesielt når du les korleis berekna flisnumrene. Men av og til kjem han handy. Viss du vil enkelt fastsetja flisnumrene med musa, sjå denne hjelpesenter spørsmålet.
JOSM nedlastingsalternativ
JOSM tilbyr nokre generelle alternativ av dette nedlastingsvindauget:
- Opne denne dialogen ved oppstart
- Viss avmerkt vil dette vindauget automatisk verta opna etter oppstart av JOSM.
- Zoom til nedlasta data
- Viss avmerkt vil kartvisninga flytta seg til dei nedlasta data etter nedlasting, viss ikkje avmerkt vil han forbli på sin noverande posisjon. (Viss ekspertmodus er deaktivert, er ikkje denne avmerkingsboksen vist.)
Standard bør "Last ned" knappen verta brukt. Viss du vil lasta ned data til eit separat Data Lag bruk "Last ned som nytt lag" knappen. (Viss det er ingen data lag enno, er ikkje dette alternativet tilgjengeleg.)
Sjå også
Last ned objekt
Last ned foreldre veger og relasjon
Last ned i noverande visning
continuosDownload Programtillegg
Opne Stad (en)
Tilbake til Fil-meny
Tilbake til Hovudhjelp
Sjå også
Last ned objekt
Last ned foreldre veger og relasjon
Last ned i noverande visning
continuosDownload Programtillegg
Opne Stad (en)
Tilbake til Fil-meny
Tilbake til Hovudhjelp



.png)