Andre språk:
- dansk
- Deutsch
- Ελληνικά
- English
- Esperanto
- español
- føroyskt
- français
- 日本語
- norsk bokmål
- Nederlands
- norsk nynorsk
- русский
- українська
Fil > Last ned objekt
Snarveg:
Ctrl+Shift+O
Last inn eitt eller fleire OSM-objekt ( node,
veg eller
relasjon) frå OSM API-tenaren anten i det noverande datalaget eller i eit nytt datalag. Dei nedlasta dataene vil innehalda vegnoder for veger og eventuelt nokre referansar (veger eller relasjonar som refererer til det nedlasta objektet).
Merk: Berre referansane til det nedlasta objektet sjølv vert lasta ned, ikkje referansane for nokon av borna hans (vegnoder).
Du kan velja typen objekt ( node,
veg,
relasjon eller blanda) for å lasta ned og oppgje deira ID. Klikk på Last ned objekt startar nedlastinga.
Fleire objekt
- Bruk ein komma-separert liste for fleire objekt av same type viss typen allereie er spesifisert i nedtrekkslista ovanfor, t.d.
1,2,3 - Bruk ein komma-separert liste med den første bokstaven i typen for blanda objekt, t.d.
w123,n68,n211,r7. - Bruk område, som
w10-20
Avmerkingsboksar
- Du kan velja om eventuelle referansar (overordna relasjonar og veger) skal lastast ned:
- viss Last ned referansar er vald, vert eventuelle refererande objekt lasta ned
- viss Last ned referansar ikkje er vald, vert ingen referansar lasta ned
- Du kan velja om eventuelle relasjonsmedlemmar skal lastast ned:
- viss Last ned relasjonsmedlemmar er vald, vert eventuelle relasjonsmedlemmar lasta ned
- viss Last ned relasjonsmedlemmar ikkje er vald, vert ingen medlemmar lasta ned
- Du kan kontrollera om dataene vert lasta inn i det noverande eller i eit nytt lag:
- viss Separert lag er vald, vert dataene lasta inn i eit nytt lag
- viss Separert lag ikkje er vald, vert dataene fletta inn i det noverande datalaget
Viss det ikkje finst noko datalag, vert alltid eit nytt datalag oppretta.
Datakjelde
OSM API-tenaren spesifisert i Tilkoplingsinnstillingar (en) er datakjelda som vert brukt her.
Sjå også
Last ned data
Last ned overordna veger og relasjonar
Last ned i gjeldande vising
continuosDownload Programtillegg
Opne plassering (en)
Tilbake til Filmény
Tilbake til Hovudmeny
Tilbake til Hovudhjelp


