wiki:Nn:Help/Dialog/LayerList

Lagliste-Panel

source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist.svg Tastekombinasjon: Shift+Alt+L - eitt av JOSM-panela

Lagpanelet listar alle innlasta lag, kontrollerer deira synleik og tillèt å aktivera eitt lag for å redigera kartinnhald.

Lagtypar

Lag av ein type kan eksistera fleire gonger i JOSM-økt, bortsett frå validerings- og notat laga. Programtillegg (t.d. Mapillary) kan leggja til andre lagtypar.

Lagknappar

Kvar lag har nokre knappar eller klikkbare område i si linje i laglista:

Ikon Skildring
source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/active.svg Aktiver dette laget
source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/scale.svg Tilpass/avpass kartzoom til den opphavlege oppløysinga til dette bakgrunns biletet
source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/offset.svg Tilbakestill biletforskyvinga
source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/eye.svg Gøym/vis laget

Panelknappar

Laglista har fem knappar nedst som opererer på dei merka laga:

Flytt Opp

source:trunk/resources/images/dialogs/up.svg Opp flyttar dei valde laga ei linje opp i lagstakken.

Dette er viktig når element i eitt lag dekkjer dei i underliggande lag. Du kan også omordna lag ved å dra og sleppa.

Flytt Ned

source:trunk/resources/images/dialogs/down.svg Ned flyttar dei merka laga ei linje ned i lagstakken.

Aktiver Lag

source:trunk/resources/images/dialogs/activate.svg Aktiver aktiverer det merka laget.

Det er mogleg å redigera kartdata berre i eit aktivt Data lag. Kvar av laga kan verta aktivert med individuell tastekombinasjon: Shift+A etterfølgd av [1–0A-Z] - der 1 er det øvste laget; tel ned til 9, deretter 0 som aktiverer 10, deretter A-Z. Trykk Shift+A berre og vent ein sekund. JOSM vil visa liste med alle laga og deira kombinasjonar i dette formatet.

Synleik

source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/visibility.svg Einskildklikka, tilbyr han:

  • Avmerkingsboks for å visa/gøyma lag, dvs. slår på synleik av merka lag eller slår han av. Laga vert urørte når gøymde, men innhaldet deira vert ikkje vist. Du kan også bruka tastekombinasjonar for å visa/gøyma lag, sjå tastekombinasjonane under.
  • Glidebrytar for å konfigurera source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/transparency.svg Gjennomskinleik til merka lag.
  • Glidebrytar for å konfigurera source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/colorfulness.svg Fargemettnad til merka lag.
  • Glidebrytar for å konfigurera source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/gamma.svg Gamma til merka lag.
  • Glidebrytar for å konfigurera source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/sharpness.svg Skarpleik til merka lag. Fargemettnad, Gamma og Skarpleik er tilgjengelege berre for bakgrunns lag.

For GPX lag kan du velja ein av 7 standardfargar. (Andre fargar er tilgjengelege med Konfigurer Farge i GPX-lagets kontekstmeny (en)).

Merknad: For å letta bruken kan du bruka musescroll for å flytta glidebrytar medan peikaren er plassert på glidebrytaren – ikkje naudsynt å klikke-dra-frigje glidebrytaren.

Tastekombinasjonar

Følgjande tastar vert brukte for å kontrollera synleik av lag nummererte frå toppen eller botnen:

  • Shift+S etterfølgd av [1–0A-Z] - der 1 er det øvste laget; tel ned til 9, deretter 0 som slår på 10, deretter A-Z, S har spesiell tyding fordi han repeterer det sist slåtte laget. Trykk Shift+S berre og vent ein sekund. JOSM vil visa liste med alle laga og deira kombinasjonar i dette formatet.
  • Alt+[1–0] - der 1 er det nedste laget; tel opp til 9 og deretter 0 som slår på lag 10. (Bruk berre tala over bokstavane på tastaturet ditt, ikkje tala på nummertastaturet.) Lagnummera i dette formatet er viste standard i laglista.

Slett Lag

source:trunk/resources/images/dialogs/delete.svg Slett fjernar permanent dei merka laga. Alle ikkje-lagra endringar vil verta forkasta!

Viss du prøver å sletta OSM-data lag eller Notat lag som inneheld endringar, vil JOSM opna Ikkje-lagra Endringar dialog (en), som spør om å lasta opp og/eller lagra desse endringane.

Individuelle Knappar

Det kan vera fleire knappar avhengig av dei innlasta programtillegga, t.d. source:osm/applications/editors/josm/plugins/rasterfilters/images/josm_filters_48.png RasterFilters programtillegg.


Tilbake til Vindauge-meny
Tilbake til Sidelinje
Tilbake til Hovudmeny
Tilbake til Hovudhjelp

Last modified 2 weeks ago Last modified on 2025-10-26T17:44:38+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.