Andre språk:
Verktøy > Opprett Multipolygon
Tastatursnarveg:
Ctrl+B
Dette verktøyet opprettar raskt ein multipolygon, ein av dei vanlegaste
relasjonane.
Valde veger vil vera medlemmar av multipolygonen med høvelege roller,
outer eller inner, og dei fleste av taggane felles flyttast frå outer-vegane til multipolygonen.
Døme
Ein multipolygon med enkel ytre ring og enkel indre ring
- Vel relasjonsmedlemmar som vil danne:
- ein ytre ring (veger) - i denne demoen vil vi bruka Vel > Ikke-grenande vegsekvensar for å fremskynda prosessen.
- ein indre ring
- etter at alle medlemmar er valde, aktiver verktøyet
- skriv inn detaljar ved hjelp av forhåndsinnstillingar, Tags/Medlemskap Dialog (en) eller Relasjonsredigering (en)
- Dette verktøyet opprettar berre gyldige multipolygonar, men du kan valfritt sjekka at den nye multipolygonen ikkje inneheld feil ved å bruka valideringsverktøyet (en), då det kan vera feil etter menneskeleg inngripen.
Ein ny relasjon med enkel tag type=multipolygon vil bli oppretta. Du kan leggja til fleire detaljar, ved å bruka taggar som natural=water for vassobjekt og så vidare.
Varsel
Viss valet ikkje passar, vil følgjande varslingsmeldingar visast, viss:
- dei valde vegane ikkje dannar komplette ringar:
Multipolygon er ikkje lukka - dei valde vegane overlappar:
Skjæring mellom multipolygonvegar
Avanserte Innstillingar
Desse innstillingane lèt deg endra oppførselen til handlinga.
| Eigenskap | Standard | Skildring |
|---|---|---|
multipoly.alltags | false | aktiver/deaktiver flytting av alle nøklar frå outer-vegar som ikkje har fleire eksplisitte verdiar. Lineære taggar respekterast enno.
|
multipoly.lineartagstokeep | [barrier,fence_type,source] | Ei liste over nøklar som ikkje flyttast til relasjonen |
multipoly.movetags | true | aktiver/deaktiver flytting av taggar heilt |
multipoly.show-relation-editor | false | aktiver/deaktiver opning av relasjonsredigeringsdialogen (en) etter oppretting/ending av multipolygonen. Relasjonen opprettast/endrast alltid, og dette er berre ein snarveg for å opna relasjonsredigeringa og identisk med "Rediger Relasjon" invokasjon frå panel, sjå #20113. |
Sjå også
Tilbake til Verktøymeny
Tilbake til Hovudmeny
Tilbake til Hovudhjelp


