wiki:Nn:Help/Action/Delete

Slettemodus

source:trunk/resources/images/mapmode/delete.svg Snarveg: Ctrl+Delete (ekspertmodus berre) — er ein av arbeidsmodusane

Slett source:trunk/resources/images/data/node.svg noder, segment, source:trunk/resources/images/data/way.svg veger og source:trunk/resources/images/data/relation.svg relasjonar med eitt museklikk. Alle mogelege påverka objekt er framheva i Kartvisninga.

Bruk

  1. Tøm valet med [Esc] eller source:trunk/resources/images/unselectall.svg Fjern alle val (en).

Elles vil valet og alle refererande objekt til det verta sletta ved å gå inn i denne modusen.

  1. Gå inn i Slettemodus med snarveg, via Modusmenyen eller via Redigeringsverktøylinja.
    Markøren endrar seg.
  2. Klikk på noder, vegesegment og veger for å sletta dei.

Modifikatorar

  • Shift for å fjerna berre eit vegesegment.
    Dei attverande delane av vegen vert delte.
  • Alt for å spara nodene til ein veg.
    Desse nodene vil halda fram sjølv om dei ikkje er brukte.
  • Ctrl for i tillegg å sletta alle objekt som refererer til det valde objektet utan ytterlegare åtvaring, inkludert relasjonar.
    Definisjonen av referanse er:
    • ein node refererer til alle veger han er tilkopla
    • eit objekt refererer til alle relasjonar han er medlem av
    • ein enkel veg som ikkje er medlem av ein relasjon har ingen referansar.

⏩ Markøren endrar seg i samsvar med dei påverka objekta.

Sletting av objekt som er medlemmar av relasjonar

Viss du slettar eit objekt som er ein del av ein relasjon, må objektet verta fjerna frå relasjonen. JOSM gjer ikkje dette i stillhet. I staden vert følgjande stadfestingsdialog vist:

Oppføringane i den viste lista indikerer frå kva relasjonar (andre kolonna i tabellen) objektet (eller objekta, viss du slettar meir enn eitt objekt) må verta fjerna.

Klikk Avbryt viss du ikkje vil fjerna objekta frå desse relasjonane. I dette tilfellet slettar ikkje JOSM objekta heller, operasjonen vert avbroten. Klikk OK viss du samtykkjer til å fjerna objekta frå dei viste relasjonane.

Sjå også


Tilbake til Redigeringsverktøylinja
Tilbake til Hovudhjelp

Last modified 3 months ago Last modified on 2025-10-27T21:52:43+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.