`html
Andre språk:
Statuslinje
Statuslinja viser følgjande informasjon:
| Boks | Viser | Handling / Menyar |
|---|---|---|
| | Den geografiske breidda til musemarkøren | Venstreklikk opnar Hopp til Posisjon-dialogen. Med høgreklikk kan du endre koordinatformatet (Desimalgrader, grad° min' sek", grad° min' (Nautisk), Projiserte Koordinatar).
|
| | Den geografiske lengda til musemarkøren | Same som ovanfor. |
| | (Kompas)retninga til linjesegmentet som vert teikna. | |
| | Vinkelen mellom føregåande og noverande vegsegment. Grøn bakgrunnsfarge viss Vinkelfanging er aktiv. Når Rotasjon vert brukt, viser den rotasjonsvinkelen. Når Skalering vert brukt, viser den skalafaktoren. | Høgreklikk opnar vinkelfange-innstillingsmenyen, sjå under. |
| | I redigeringsmodus: lengda på nye vegsegment som vert teikna; i valmodus: lengda på valde veg(ar) eller avstanden mellom to valde nodar | Venstreklikk endrer målesystemet (Metrisk → Kinesisk → Imperial → Nautisk Mil). Med høgreklikk kan du direkte velge eitt målesystem. |
| | Namnet, talet på nodar og ID-en til objektet under musemarkøren. | |
| tekst | Nokre hjelpeinformasjonar om den noverande arbeidsmodusen | Med høgreklikk kan du kopiere den viste hjelpeteksten. |
I tillegg, bortsett frå "tekst", inneheld kontekstmenyen alltid ein avmerkingsboks for å velje om statuslinja skal gøymast når ein gøym dialogpanelet med Tab.
Vinkelfange-innstillingsmeny
Tilgjengeleg med høgreklikk på vinkel når
Teiknemodus er aktivert:
Avanserte Innstillingar
Med følgjande nøklar i Avanserte Innstillingar (en) kan du justere tala i statuslinja:
- latlon.dms.decimal-format
- justerer talet på desimalplassar til koordinatane i
grad° min' sek"-format (Standardverdi:00.000) - latlon.dm.decimal-format
- justerer talet på desimalplassar til koordinatane i
grad° min'(Nautisk) format (Standardverdi:00.0) - statusbar.decimal-format
- justerer talet på desimalplassar til retning, vinkel og avstand/lengd (Standardverdi:
0.00) - statusbar.distance-threshold
- avgjer når ein skal vise
--i staden for avstanden (Standardverdi:0.01)
Etter å ha endra ein slik nøkkel må du starte JOSM på nytt.
Tilbake til Hovudhjelp
`
Last modified
4 weeks ago
Last modified on 2025-10-26T16:51:37+01:00
Note:
See TracWiki
for help on using the wiki.


