Andre språk:
Markørlag > Lag lydmarkør ved avspillingshovud
Denne funksjonen lèt deg setja inn ein eksplisitt lydmarkør i eit markørlag.
Du treng eit sett med lydmarkørar i eit markørlag. Dette vil vanlegvis ha vorte oppretta ved hjelp av Lag sampla lydlag (en) frå eit GPX-lag.
Hovudgrunnen til å tilby denne funksjonen er å la deg plassera ein lydmarkør på plasseringa til eit synkroniseringspunkt, slik at du har ein markør for å synkronisera lydsporet ditt (en) med GPS-sporet. Du kan likevel også bruka det til å setja inn manglande lydmarkørar (kanskje du gløymde å laga eit vegpunkt på GPS-en din, eller det er ein stad i lydsporet som ikkje har ein praktisk markør å spela frå av ein eller annan grunn.
Viss du lagar vegpunkt på GPS-en din, vil du vanlegvis ikkje trenga dette. Men når du opprettar eit sett med automatisk sampla lydmarkørar ved hjelp av Lag sampla lydlag (en), er det usannsynleg at du har eit kunstig generert punkt akkurat ved landemerket der du ynskjer å synkronisera. Så du må leggja til ein markør der eksplisitt.
framgangsmåte
- Fyrst finn der synkroniseringslandemerket ditt er (eller kva som helst plassering du ynskjer ein ny lydmarkør).
- Finn lydmarkøren som med ein gong går føre den på GPS-sporet og klikk på han for å spela av lyden derfrå. (Ignore lyden som vert spelt - han er ikkje synkronisert enno).
- Fylg avspillingshovudet (den oransje pila) til det når landemerket ditt. Deretter
Pause avspilling.
- Vel Lag lydmarkør ved avspillingshovud i kontekstmenyen for lydmarkørlaget for å leggja til den nye, eksplisitte markøren.
Du kan deretter synkronisera (en) på det punktet.
Sjå også
Tilbake til Markørlag Kontekstmeny (en)
Tilbake til Hovudhjelp


