wiki:Nn:Help/Action/About

Hjelp > Om

source:trunk/resources/images/logo_48x48x32.png Tastatursnarveg: Shift+F1

Viser Om-dialogvindauget med versjonsinformasjon, liste over installerte programtillegg og mykje meir informasjon om JOSM.

Info

Viser JOSM og Java versjonsnummer og gjev lenker til JOSM heimeside, Launchpad (omsetjingsplattformen) og dei sosiale nettverkssidene til JOSM.

Info screenshot

Les meg

Viser innhaldet i README tekstfila i JOSM-kjelda. Noko nyttig informasjon.

Revisjon

Detaljert revisjonsinformasjon.

revision screenshot

Bidrag

Viser innhaldet i CONTRIBUTION tekstfila i JOSM-kjelda. Ei liste over alle dei viktigaste bidragsytarane og meir.

Lisens

Viser innhaldet i LICENSE tekstfila i JOSM-kjelda. Den noverande lisensen som JOSM er gjeven ut under.

Programtillegg

Lister opp alle installerte og aktiverte programtillegg med revisjonsnummer og kort skildring. Ein ekstra Informasjon-knapp gjev meir informasjon om kvart programtillegg i eige vindauge.

Plugins screenshot

Installasjonsdetaljar

Viser installasjonsspesifikke mapper som vert brukt av JOSM og gjev knappar for å opne desse i ein filutforskar.

tab "Installation Detais" in About JOSM popup

Omsetjarar

Lister opp alle omsetjarane av det noverande språket. Denne fana er ikkje tilgjengeleg viss språket er sett til engelsk. Døme på den tyske omsetjarfana:


Tilbake til Hjelp-meny
Tilbake til Hovudhjelp

Last modified 2 months ago Last modified on 2025-10-28T23:28:34+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.