wiki:Nn:Help/Action/ImproveWayAccuracy

Forbetre veinøyaktighet

source:trunk/resources/images/mapmode/improvewayaccuracy.svg Tastatursnarveg: W (ekspertmodus berre) — er ein av arbeidsmodusane

Denne modusen kan leggja til, flytta og sletta noder av tidlegare innsende veger. Denne modusen vert berre brukt for å oppdatera eksisterande data (vegar).

Målet med modusen er å erstatta dra og slepp av noder med klikk for å auka redigeringsprosessen. Han er mest nyttig med naturlege objekt som endrar form (elvebreidder, brend skog, oversvømde område osv) og nokre menneskeskapte objekt som manglar presise grenser (arealbruk, motorvegar som OSM-vegar). Vurder andre verktøy for menneskeskapte objekt (der presise vinklar kan vera ynskte).

Bruk

Aktiver denne modusen og vel ein veg. For å byrja å jobba på ein annan veg utan å forlata modusen, fjern valet av den noverande vegen ved å trykka Esc og klikk på ein annan veg.

Modusen finn automatisk segment og noder som er nærast markøren. Kandidat for sletting/flytting/tillegg vil endra seg så mange gonger du flyttar markøren.

Den framhevde noden kan låsast (sjå Lås segment).

Når du legg til eller flyttar noder, vert dei ikkje slegne saman med eksisterande noder som skjer i Vel eller Teikn modusane. Du må avslutta redigering i Forbetre Veinøyaktighet modus og bruka slå saman noder verktøy eller alternativ.

Flytt eksisterande noder

Klikk i Hovudvisning der du trur ein node bør vera. Den framhevde (næraste) noden vil verta flytta dit.

Hjelpegeometri: stipla raud linje - indikerer ein veg etter flytta node

Opprett nye noder source:trunk/resources/images/cursor/modifier/addnode.svg (+Ctrl)

Hold Ctrl knappen og klikk - ein ny node vil verta lagt til i det framhevde segmentet.

Hjelpegeometri: heiltrukka raud linje - indikerer ein veg etter ny node

Slett noder source:trunk/resources/images/cursor/modifier/delete.svg (+Alt)

Hold Alt knappen og klikk - den framhevde noden vil verta sletta.

Ver venleg og prøv å behalda så mange eksisterande noder som mogeleg, fordi på den måten held du ved like deira historie.

Du kan ikkje sletta noder som er kopla til meir enn ein veg eller som har merke for å hindra utilsikta øydelegging av topologi eller tap av informasjon. Merk at "uinteressante" merke er ekskluderte, som FIXME, note, source, osv.

Lås segment

  • Lås flytta node: source:trunk/resources/images/cursor/modifier/lock.svg + Shift - når du flyttar musen, hold Shift eller venstre museknapp og den framhevde noden eller segmentet vil forbli den same uansett kor du flyttar markøren.
  • Lås tilføydd node: source:trunk/resources/images/cursor/modifier/add_node_lock.svg + Ctrl Shift

Sjå også

  • source:trunk/resources/images/dialogs/mappaint/wireframe_small.svg Ctrl+W Wireframe-visning (en) - slår av alle stilar og gjer liner veldig tynne, det kan vera ei god idé å slå på denne visningen før du forbetrar veinøyaktigheit
  • Snarvegar Alt-tast (en) - viss Alt ikkje fungerer
  • ImproveWay-tillegg - utvidar Forbetre Veinøyaktighet-modusen med hjelpemiddel for å plassera noder på nøyaktige avstandar og vinklar.

Eksterne ressursar


Tilbake til Modusmeny
Tilbake til Hovudhjelp

Last modified 4 weeks ago Last modified on 2025-10-28T22:24:54+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.