Eksempelskjermbilda må takast på nytt med større nodeinnstilling.
Andre språk:
Verktøy > Slå saman noder
Innhaldsforteljing
Tastatursnarveg:
M
Slå saman noder til den eldste.
- Rekkjefylgja på utval tyder noko, sidan den attverande målnoda vil halda på posisjonen til den siste valde.
- Objekt-id og objekthistorie for den eldste noda med minst éin forelder vil bli bevart. Viss det ikkje finst nokon forelder-objekt, vil den eldste noda med lågast, positiv id bli brukt (sjå #17866).
- Veger vil bli sletta stille viss talet på barnenoder fell under to, sjå nedanfor.
- Alle merke med berre éi verdi og alle relasjonsmedlemskap frå alle noder vil bli lagt til, og Merke/Medlemskap Konfliktdialog vil opnast viss manuelle avgjersler er naudsynt. I normal brukarmodus vil den også åtvara før den legg til noko merke eller medlemskap som nodene ikkje har felles, som Slå saman veger, sjå Slå saman stadfesting.
Kan ikkje slå saman fordi vegen enno er i bruk
Nodene du slår saman kan vere ein del av veger. Viss du slår dei saman, kan desse foreldervegane mista ein eller fleire av nodene sine. I nokre tilfelle kan talet på noder som er att i desse vegane falle under to. Veger med færre enn to noder er ugyldige, og JOSM prøver å sletta dei.
I nokre tilfelle kan likevel ein veg som skal slettast enno vere i bruk, til dømes fordi ein relasjon refererer til han. JOSM avbryt samanslåing av noder i desse tilfella. I staden vert følgjande åtvering vist:
Klikk på Avbryt samanslåing for å lukka dialogen. Dei valde nodene vert ikkje slått saman.
Målposisjon avheng av siste utval og avansert innstilling
Avanserte preferansar
Ein av 3 modusar kan setjast i avanserte preferansar (en) med nøkkelen
merge-nodes.mode:
| Modusinnstilling | Skildring |
|---|---|
merge-nodes.mode=0 | standard og enkel: siste valde node vil bli brukt som posisjon for resultatnoden. |
merge-nodes.mode=1 | for å gjennomsnittsberegna plasseringar av alle valde noder. |
merge-nodes.mode=2 | vektet gjennomsnitt der nærliggande noder har lågare vekt enn fjerne. |
Før samanslåing (starttilstand):
- Etter samanslåing med
merge-nodes.mode=0(siste valde node er viktig):
(ein av 9 posisjonar, avhengig av den siste noden i utvalet)
- Etter samanslåing med
merge-nodes.mode=1(utan vekt):
- Etter samanslåing med
merge-nodes.mode=2(vektet gjennomsnitt):
Sjå også
Vel Flytt
Forbetre veinøyaktighet - over tid bytter mange kartleggjarar til dette verktøyet i staden for manuelt å velja og flytta kvar node
- #6696 - patch om merge-nodes.mode
Tilbake til Verktøy-meny
Tilbake til Hovudhjelp


