Andre språk:
- dansk
- Ελληνικά
- English
- Esperanto
- español
- føroyskt
- français
- 日本語
- norsk bokmål
- Nederlands
- norsk nynorsk
- русский
- українська
Innhaldsforteljing
Endringssett
Knutar, veger og relasjonar oppretta eller endra i JOSM er berre tilgjengelege lokalt med mindre dei er publiserte på ein tenar for å gjera dei nyttige for andre kartleggjarar. Prosessen med å publisera data vert kalla opplasting.
Sidan det er hundrevis av kartleggjarar som publiserer sine geodata på OSM-tenaren, er det viktig å spora kven som har publisert kva data i kva samanheng.
Endringssett grupperer ganske enkelt dataopprettingar, endringar og slettingar - med tilleggseigenskapar som comment, created_by, imagery_used og fleire andre (denne informasjonen vert lagra som enkle taggar). I likskap med anna wikiprogramvare kan eitt endringssett påverka eitt objekt (ein enkelt teiknendring i teksten), men kan også innehalda store endringar (fjernelse av avsnitt, delvis eller fullstendig omskriving av teksten) med den eine skilnaden at geoinformasjon vert redigert i staden for tekst. Å undersøkja historikken til eitt teikn er like vanskeleg som å samanlikna tekst på eit gjeve tidspunkt. Sidan den fullstendige "teksten" i OSM er 30-600GB stor, snakkar brukarar derfor om historikk innanfor fleire endringssett og ikkje om fullstendig historikk kvar gong.
Ein meir praktisk tilnærming er å pakka ei gruppe relaterte objekt og tilordna pakka ein kommentar, ikkje dei enkelte objekta. På denne måten, viss ein kartleggjar kartleggjer sitt nabolag, kan han eller ho lasta opp ei pakke med knutar og veger og tilordna ho ein kommentar "kartlagt og gjennomgått nokre veger i byen foo".
I JOSM vert ei slik pakke kalla eit endringssett. Eit endringssett er ei samling av relaterte endringar (nye objekt, objektendringar eller objektslettingar) som vert brukte på OSM-data.
Endringssett og opplastingsoperasjonar
Eit endringssett er uavhengig av ein individuell opplastingsoperasjon.
Du kan køyra fleire opplastingar med same endringssett. Endringssettet vil da pakka endringane som er publiserte i alle opplastingane. Ein kartleggjar kan til og med stoppa JOSM, starta han ein dag seinare og halda fram med å publisera til endringssettet han eller ho brukte dagen før, forutsatt at han eller ho ikkje lukka endringssettet.
Eigenskapar ved endringssett
Eit endringssett er først opna og det vert verande ope til det vert lukka. Ein JOSM-brukar kan eksplisitt lukka eitt eller fleire av sine opne endringssett. Viss han ikkje lukkar dei, vil OSM-tenaren lukka opne endringssett automatisk etter ein tidsavbrot. Eit endringssett som ikkje er ope vert kalla lukka. Det vert verande lukka for alltid og kan ikkje verta opna att.
Eit endringssett du opnar er eige av deg. Ingen andre kartleggjarar kan publisera data i dette endringssettet, og du kan ikkje lasta opp dine data i andre brukarar sine endringssett.
Opplastingskommentar og andre endringssett-taggar
I likskap med knutar, veger og relasjonar, er det mogleg å dekorera endringssett med taggar.
Den viktigaste og eine obligatoriske taggen er den såkalla opplastingskommentaren. Når du publiserer data i JOSM, må du skriva inn ein opplastingskommentar med minst tre teikn. Det er denne kommentaren som skildrar dei publiserte data for andre kartleggjarar.
Avanserte Innstillingar
Du kan setja den avanserte innstillinga (en) upload.comment.max-age til 0 viss du ikkje ynskjer å få eit førehandsutfylt kommentarfelt. Du kan enno velja ein tidlegare kommentar frå nedtrekkslista.
Sjå også
- Last opp data - Ein grundig artikkel om opplastingsprosessen
- Konflikt (en) - forklarar konfliktane, kvifor dei oppstår, korleis dei vert oppdaga og korleis du kan løysa dei
Lukk Endringssett
Endringssettliste-Dialog
Endringssetthandterar
- Endringssettspørring-Dialog (en)
- Gode Endringssettkommentarar side i OSM-wikien
Attende til Hovudhjelp


