Andre språk:
- Ελληνικά
- English
- Esperanto
- español
- føroyskt
- français
- 日本語
- norsk bokmål
- Nederlands
- norsk nynorsk
- русский
- українська
Endringssett-panel
Snarveg
ingen - eit av JOSM-panela
Endringssett-panelet lister opp dei siste endringssetta for alle objekt i det noverande datalaget.
Opne og lukka panelet
- Klikk på
i Redigeringsverktøylinja eller Vindaugemenyen for å opna panelet
- Klikk på
i Redigeringsverktøylinja eller Vindaugemenyen igjen for å lukka det.
Byt mellom listene over viste endringsset
Endringssettlista viser anten
- lista over endringsset som dei noverande valde objekta er tilordna
- lista over endringsset som alle objekt i det noverande datalaget er tilordna
Vel avkryssingsboksen Berre for valde objekt for å visa endringsset som dei noverande valde objekta er tilordna.
Fjern avkryssinga i Berre for valde objekt for å visa endringsset som alle objekt i det noverande datalaget er tilordna.
Panelknappar
Vel objekt tilordna endringsset
Vel alle objekt i kartvisinga som er tilordna dei noverande valde endringssetta i Endringssettlista.
Alternativt, dobbeltklikk på eit endringsset i Endringssettlista for å velja objekta tilordna dette endringssettet i kartvisinga.
Last ned endringsset
Last ned informasjon om valde endringsset frå OSM-tenaren.
JOSM kjenner berre den unike ID-en til eit endringsset med mindre ein eksplisitt lastar ned meir informasjon frå OSM-tenaren.
Lukk endringsset
Endringsset kan anten vera opne eller lukka.
Eksplisitt lukk endringsset som for augeblikket er valde i Endringssettlista og som enno er opne.
Vis informasjon om endringsset
Start ein nettlesar for å opna netsidene på OSM-tenaren for kvart valt endringsset for vidare informasjon.
Opne Endringssetthandterar
Opne Endringssetthandteraren med valde endringsset valde i Endringssetthandteraren og automatisk lasta ned informasjonen om dei ufullstendige endringssetta.
Snarvegmenyen
Endringssettlista gjev ein snarvegmeny. Bruk standard mus- eller tastaturrørsler på din plattform for å opna han (t.d. høgreklikk i Windows).
Snarvegmenyen gjev dei same knappane som forklart ovanfor, bortsett frå den for å opna endringssetthandteraren.
Sjå også
Attende til Vindaugemeny
Attende til Redigeringsverktøylinje
Attende til Sidepanel
Attende til Hovudhjelp


