wiki:Nn:Help/Dialog/MapPaint

Kartteikningsstil-panel

source:trunk/resources/images/dialogs/mapstyle.svg Snarveg: Alt+Shift+M — ein av JOSM-panelane

Det presenterer ei liste over kartstilar.

Liste over tilgjengelege kartstilar

source:trunk/resources/images/dialogs/mappaintpreference.svg Start Innstillings-vindauget og opne fanen for Kartteikningsstil-innstillingar (en) - dette vindauget har ei liste over stilar som du kan velja frå. I tillegg kan du leggja til og sletta stilar frå lista di.

Innstillingar for individuell stil

Sjå Stilinnstillingar

Kontrollelement

Aktiver

source:trunk/resources/images/apply.svg Slå valde stilar av eller på. Kan også gjerast ved å klikkja på merkjeknappen føre kvar oppføring. Den fyrste oppføringa (Trådmodus-visning) er spesiell, han kan ikkje kombinerast med nokon annan stil og han kan ikkje flyttast opp eller ned eller fjernast frå lista.

Opp / Ned

source:trunk/resources/images/dialogs/up.svg / source:trunk/resources/images/dialogs/down.svg Flytt dei valde oppføringane opp eller ned. Stilkjeldene blir brukte frå topp til botn, så nedre oppføringar kan overstyra øvre oppføringar.

Høgreklikkmeny

Høgreklikk på ein kva som helst oppføring for fleire val

Last på nytt frå fil

source:trunk/resources/images/dialogs/refresh.svg Fungerer berre for stilkjelder som er lagra lokalt. Last stilen på nytt og oppdater kartområdet. Som standard vert lokale kartteikningsstilar automatisk lasta på nytt når du lagrar endringar i fila.

Lagre som…

source:trunk/resources/images/copy.svg Lagre ei kopi av stilen til fil. Kopien vil verta lagt til i stilista. Du kan opna fila i ein tekstredigering og gjera nokre endringar.

Info

source:trunk/resources/images/info.svg Infovindauget har 4 faner:

info
Generell informasjon om stilkjelde (Tittel, URL, ...)
Feil
Viss det er store feil under lasting av stilen (t.d. syntaksfeil), kan du inspisera felloggen i denne fanen. Stilkjelder som har feil er merkte med eit lite source:trunk/resources/images/misc/error.svg-symbol i hovudvisninga.
Åtvaringar
Viss det er mindre feil under lasting av stilen (t.d. manglande ikon), kan du inspisera åtvaringloggen i denne fanen. Stilkjelder som har åtvaringar er merkte med eit lite source:trunk/resources/images/warning-small.svg-symbol i hovudvisninga.
Kjelde
Her kan du raskt sjå kjeldekoden til stilen. Han er skriveverna, men du kan kopiera tekst til dine eigne tilpassa stilar.

Feilsøkjar kartstilar

Det er ein eksperimentell funksjon for å feilsøkja stilgenereringsprosessen. Vel eitt objekt og i Vis-menyen klikk "Advanced Info" (eller bruk Ctrl+I). Deretter vel fanen for kartstil. Merk at utdata kanskje ikkje er 100% komplette, t.d. vert ikkje nokre eigenskapar viste for dei genererte stilane.


Tilbake til Vindauge-menyen
Tilbake til Sidesøyla
Tilbake til Hovudmenyen
Tilbake til Hovudhjelp

Last modified 6 weeks ago Last modified on 2025-10-26T20:27:33+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.