wiki:Nn:Help/Action/FollowLine

Verktøy > Følg linje

source:trunk/resources/images/followline.svg Tastatursnarveg: F

Medan du er i teiknemodus, held Følg linje-handlinga den nye vegen langs nodane til ei eksisterande veg. Den nye vegen overlappar den eksisterande vegen.

Følg linje-handlinga rettar seg til dei som ynskjer å teikne to eller fleire liner i samband med kvarandre, men som ber ulik informasjon, til dømes administrative grenser som fungerer som landbruksgrenser i enkelte delar.

Merk: Relasjonar (særskilt multipolygonar) tillèt å unngå overlappande veger.
Overlapping er likevel ein akseptert praksis, ettersom det er enklare å redigere for det meste. Men ver oppmerksam på at overlapping ikkje alltid er den rette metoden (til dømes for grenser er det betre å bruke rette segment i relasjonar).

Bruk

Utvid den nye linja manuelt til minst to påfølgjande nodar av linja som skal følgjast.

Trykk deretter F så mange gonger som naudsynt (eller hold han nede). Den nye linja vert utvida automatisk punkt for punkt langs banen til den eksisterande.

Viss den nye linja skulle følgje ei anna veg (etter ei forgreining eller ved slutten av rettleiingslinja), utvid han manuelt til det er ei anna linje å følgje.

Resultatet: mykje tid spart og ingen hoppa over eller feilplasserte nodar!

Sjå også


Tilbake til Verktøymeny
Tilbake til Hovudmeny
Tilbake til Hovudhjelp

Last modified 6 weeks ago Last modified on 2025-10-28T21:42:53+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.