Andre språk:
- Deutsch
- Ελληνικά
- English
- Esperanto
- español
- føroyskt
- français
- 日本語
- norsk bokmål
- Nederlands
- norsk nynorsk
- русский
- українська
UtilsPlugin2 > Sirkelboge
Tastatursnarveg:
Shift+C
Lag ein sirkelboge.
I samsvar med Utvalet, vert ein av tre metodar brukt for å teikna ein sirkelboge.
- Ein veg vald:
Bogen vert "smelta saman" på slutten av den valde vegen. Nye noder vil verta plasserte mellom dei tre siste nodene om naudsynt (nyttig direkte i Teikn-modus). - Tre noder valde:
Ein ny veg som dannar bogen, vert oppretta etter rekkjefylgja av nodene sitt utval. - Ein veg og tre av nodene hans valde:
Sjå det siste dømet nedanfor.
Døme:
- Ein veg vald

Bogen vert "smelta saman" i den valde vegen mellom dei tre siste nodene.
Dei vert brukte til å spesifisera bogen.
- Tre noder valde:

Ein ny veg som dannar bogen, vert oppretta etter rekkjefylgja av nodene sitt utval.
- Ein veg og tre av nodene hans valde:

Bogen vert "smelta saman" i den valde vegen mellom dei tre valde nodene ved å bruka dei til å spesifisera bogen.
I motsetning til dei to bileta over, vert for augneblikket ingen nye noder oppretta, og berre den midtre noden vert flytta, proporsjonalt fordelt nodene i bogen. Dette er #18847.
Merknader:
- Den midtre noden vil verta flytta sjølv om han er ein del av andre veger ved metodane 1. og 3.
- Den maksimale vinkelen mellom to noder vert rekna med same algoritmen som vert brukt når ein ny sirkel vert oppretta.
Sjå også
Tilbake til UtilsPlugin2
Tilbake til Hovudmeny
Tilbake til Hovudhjelp
Last modified
2 months ago
Last modified on 2025-10-27T21:47:43+01:00
Note:
See TracWiki
for help on using the wiki.


