wiki:Nn:Help/Preferences/Plugins

`html

Innstillingar > Programtillegg

source:trunk/resources/images/preferences/plugin.svg Konfigurer tilgjengelege programtillegg.
Denne fana i Innstillingar-dialogen har to felt for installere programtillegg og konfigurere policyen for automatiske oppdateringar.

Programtillegg kan utvide kjernefunksjonaliteten til JOSM. Lista Programtillegg for JOSM viser dei offisielle programtillegga og deira funksjonstypar. Det er vanleg at brukarar installerer nokre programtillegg.

Installasjon av programtillegg

  1. (Valfritt) Klikk på source:trunk/resources/images/download.svg Last ned liste for å laste ned lista over tilgjengelege programtillegg (viss ingenting vart vist).
  2. (Valfritt) Bruk avmerkingsboksane og Søkje-tekstfeltet øvst for å filtrere lista.
  3. Merk av for kvart programtillegg du vil installere.
  4. Klikk på OK.

JOSM vil laste ned og installere programtillegga.
Nokre programtillegg krev at JOSM vert starta på nytt for å verta fullt installerte. Ei stadfesting vil visast viss nødvendig.

Filtrer etter tekst Programtilleggsliste Filtrer etter status
Last liste på nytt
data frå tenaren
Oppdater dei valde
programtillegga manuelt
Berre synleg i
Ekspertmodus

Ver venleg og installer berre dei programtillegga du treng. Programtillegg vil sannsynlegvis auke sjanse for kodefeil og nokre kombinasjonar kan kanskje ikkje ein gong ha vorte testa. Sidan eit programtillegg kan vera ei fil frå Kvar som helst på Internett, halde tryggleiksrelaterte ting i mente.

Manuell installasjon

Viss manuell installasjon verkeleg er naudsynt, kan du plassere .jar-filene i plugins-mappa under JOSM brukardata (en)-mappa. No start JOSM på nytt og programtillegga bør visast i programtilleggslista. Merk av for boksane til desse manuelt plasserte programtillegga for å endeleg installere dei.

Policy for programtilleggsoppdateringar

Oppdatering av programtillegg

copy from page wiki:Plugins Ved oppstart prøver JOSM å oppdatere programtillegga

  • viss JOSM sjølv har vorte oppdatert sidan sist programtilleggsoppdatering. Dette vert kalla versjonsbasert oppdateringsmodus.
  • viss ein viss tidsperiode har gått sidan sist programtilleggsoppdatering. Dette vert kalla tidsbasert oppdateringsmodus.

I begge tilfelle tilbyr JOSM å oppdatere dei noverande aktive programtillegga og du vert råda til å køyre oppdateringane ved å klikke på Oppdater programtillegg. Du kan også ignorere oppdatering, men merk at installerte programtillegg kan vera inkompatible med den nye JOSM-versjonen og dei kan kanskje mislykkast med å lasta eller fungera som forventa.

Vel Ikkje spør igjen og hugse avgjerda mi viss JOSM alltid skal prøve den valgte handlinga utan å be om stadfesting. Viss du vel denne avmerkingsboksen, vil JOSM ikkje vise denne dialogen lenger.

Alternativ

policy screenshot

  • Vel knappen Spør før oppdatering viss JOSM skal spørje før oppdatering av programtillegg i versjons- og/eller tidsbasert oppdateringsmodus.
  • Vel knappen Alltid oppdater utan å spørje viss JOSM skal automatisk oppdatere programtillegg utan å spørje.
  • Vel knappen Oppdater aldri for å deaktivere versjons- eller tidsbasert automatisk oppdatering. JOSM vil ignorere automatisk oppdatering ved oppstart viss denne policyen er vald.

Intervallet i dagar for tidsbasert oppdateringsmodus kan konfigurerast under knappane (standard=30).

Merk: Det vil ikkje vera naudsynt med omstart viss programtillegg vert oppdaterte ved oppstart.

Manuell oppdatering av programtillegg

  1. Start source:trunk/resources/images/preference.svg Innstillingar-dialogen.
  2. Vel fana source:trunk/resources/images/preferences/plugin.svg Programtillegg.
  3. Klikk på source:trunk/resources/images/download.svg Last ned liste for å laste ned lista over tilgjengelege programtillegg.
  4. Dine installerte programtillegg er allereie valde ved avmerkingsboksane
  5. Klikk på source:trunk/resources/images/dialogs/refresh.svg Oppdater programtillegg.

JOSM vil oppdatere dei valde programtillegga. Du må source:trunk/resources/images/restart.svg starte JOSM på nytt (en) for å fullføre oppdateringsprosessen.

Sjå også


Tilbake til Innstillingar-dialog
Tilbake til Rediger-menyen
Tilbake til Hovudhjelp `

Last modified 2 months ago Last modified on 2025-10-26T16:59:53+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.