wiki:Nn:Help/Action/JoinAreas

Verktøy > Slå saman overlappande område

source:trunk/resources/images/joinareas.svg Tastatursnarveg: Shift+J

Slår saman område som overlappar kvarandre.

Denne handlinga slår saman overlappande område og dannar eit større målområde med den felles omrisset. Område overlappar viss dei har eit skjeringspunkt eller viss dei berører ved to noder.

  • Det første valde området gjev sin objekthistorie og id til målområdet. Så rekkjefylgja av val tyder noko.
  • Alle merke frå alle valde område vil verta lagt til i målområdet. Viss det finst ulike verdiar for ein nøkkel, må brukaren bestemma kva verdi som skal verta halde. Så vil Merke/Medlemskap Konfliktdialog opnast. Han kan også verta vist for problem med relasjonsmedlemskap.
  • Den ekstra Kombineringsstadfestingsdialog informerer viss ikkje alle områda har alle dei same merka eller medlemskapa. Han vert vist berre i standardvisning.
  • Viss eit område ikkje overlappar med eit anna i utvalet, vert det ikkje slått saman. Men det får alle merke som målområdet og vert modifisert av dette.
  • Tilleggsvalde noder spelar ingen rolle.
  • Viss område er omgjevne av andre og ikkje har nokon skjering med nokon av dei, vil resultatet av denne handlinga verta ein multipolygon.

https://github.com/mapbox/mapping/wiki/Advanced-mapping-guide#buildings https://github.com/mapbox/mapping/issues/162
Animasjonen over viser fyrst opprettinga av to område med Building_tools-utvidinga, deretter ein av dei vert duplisert og vald + flytta og til slutt handlinga Slå saman område på alle tre områda som då er valde.

Åtvaringar

Viss utvalet ikkje passar til behova for Slå saman overlappande område, vil desse åtvaringsmeldingane verta viste:

  • Ingen overlappande område i utvalet. No image "josm_join_areas_message_no_intersection.png" attached to Nn:Help/Action/JoinAreas
    Ingen skjeringspunkt funne. Ingenting vart endra.


  • Ein open veg er i utvalet. No image "josm_join_areas_message_unclosed.png" attached to Nn:Help/Action/JoinAreas
    Ein av dei valde vegane er ikkje lukka og kan derfor ikkje verta slått saman.

Ingen handling utført i desse tilfella.

Sjå også


Tilbake til Verktøymeny
Tilbake til Hovudhjelp

Last modified 2 months ago Last modified on 2025-10-28T22:39:18+01:00
Note: See TracWiki for help on using the wiki.