Changes between Initial Version and Version 1 of Nn:HowTo


Ignore:
Timestamp:
2025-10-27T06:58:30+01:00 (2 months ago)
Author:
paleid
Comment:

Nn added

Legend:

Unmodified
Added
Removed
Modified
  • Nn:HowTo

    v1 v1  
     1[[TranslatedPages(revision=43)]]
     2[[PageOutline]]
     3= Korleis-gjer-man =
     4
     5Denne sida vil forhåpentlegvis gje deg nokre tips om korleis du utfører vanlege oppgåver i JOSM.
     6
     7== Korleis endrar ein eit kryss til ein rundkøyring == #Rundkøyring
     8
     9La oss seia at nokon har teikna eit kryss, men du veit betre og vil heller ha ein rundkøyring. Viss det er ein liten ein, legg til merket [osmwiki:Tag:highway%3Dmini_roundabout highway=mini_roundabout], og du er ferdig. Viss ikkje, fortsett...
     10
     11 * Teikn ei ei linje, omtrent like lang som diameteren til rundkøyringen.
     12[[Image(HowTo:roundabout1.png)]]
     13
     14 * Vel linja og bruk ''Verktøy -> Lag sirkel''.
     15[[Image(roundabout2.png)]]
     16
     17 * Viss du synest han ikkje er rund nok, legg til fleire nodar og bruk ''Verktøy -> Juster nodar i sirkel''.
     18
     19 * Flytt sirkelen over krysset.
     20[[Image(HowTo:roundabout3.png)]]
     21
     22 * Du kan rotera sirkelen ved å halda CTRL+SHIFT i ''Vel''-modus.
     23
     24No demonterer vi krysset :)
     25
     26 * Vel noden i midten og løysrev han ved å trykka G (''Verktøy -> Løysrev veger'')
     27
     28 * Klikk på eit tomt område for å fjerna valet. Vel den sentrale noden igjen (det er to av dei oppå kvarandre no), og flytt han litt. Dei to vegane skal no vera separerte.
     29[[Image(HowTo:roundabout4.png)]]
     30
     31 * Vel ein av dei to nodane og trykk P (''Verktøy -> Del veg''). Vel den same noden igjen, løysrev han (snarveg G), vel han på nytt og flytt han litt.
     32[[Image(HowTo:roundabout5.png)]]
     33
     34 * Gjenta med den andre vegen; du skal no ha fire lause endar.
     35
     36 * Flytt desse endane omtrent til der dei skal koplast til sirkelen.
     37[[Image(HowTo:roundabout6.png)]]
     38
     39 * Klikk på ein av endane og trykk A.
     40
     41 * Klikk på sirkelen for å leggja til vegen til rundkøyringen. (Anten fest til ein av dei eksisterande nodane eller klikk på segmentet for å leggja til ein ny node.)
     42[[Image(HowTo:roundabout7.png)]]
     43
     44 * Vel den same noden igjen og trykk på ''Slett''-tasta for å fjerna han.
     45
     46 * Gjenta for dei andre tre endane.
     47
     48 * Ferdig!
     49
     50[[Image(HowTo:roundabout8.png)]]
     51
     52Merknader:
     53
     54 * Sjekk at sirkelen har rett orientering. (Bruk ''Verktøy -> Reverser veger'' for å endra han.)
     55
     56 * Sjekk om vegane er ein del av ei relasjon. Viss du ikkje bryr deg om relasjonar, ver venleg og ikkje øydelegg dei. Det er fint å ha pene rundkøyringar, men relasjonar er faktisk nyttige :) .
     57
     58 * Sjå [osmwiki:Tag:junction=roundabout] for fleire detaljar.
     59
     60----
     61* Tilbake til [wikitr:/Help Hovudhjelp]