Andre språk:
Korleis-gjer-man
Denne sida vil forhåpentlegvis gje deg nokre tips om korleis du utfører vanlege oppgåver i JOSM.
Korleis endrar ein eit kryss til ein rundkøyring
La oss seia at nokon har teikna eit kryss, men du veit betre og vil heller ha ein rundkøyring. Viss det er ein liten ein, legg til merket highway=mini_roundabout, og du er ferdig. Viss ikkje, fortsett...
- Teikn ei ei linje, omtrent like lang som diameteren til rundkøyringen.
- Vel linja og bruk Verktøy -> Lag sirkel.
- Viss du synest han ikkje er rund nok, legg til fleire nodar og bruk Verktøy -> Juster nodar i sirkel.
- Flytt sirkelen over krysset.
- Du kan rotera sirkelen ved å halda CTRL+SHIFT i Vel-modus.
No demonterer vi krysset :)
- Vel noden i midten og løysrev han ved å trykka G (Verktøy -> Løysrev veger)
- Klikk på eit tomt område for å fjerna valet. Vel den sentrale noden igjen (det er to av dei oppå kvarandre no), og flytt han litt. Dei to vegane skal no vera separerte.
- Vel ein av dei to nodane og trykk P (Verktøy -> Del veg). Vel den same noden igjen, løysrev han (snarveg G), vel han på nytt og flytt han litt.
- Gjenta med den andre vegen; du skal no ha fire lause endar.
- Flytt desse endane omtrent til der dei skal koplast til sirkelen.
- Klikk på ein av endane og trykk A.
- Klikk på sirkelen for å leggja til vegen til rundkøyringen. (Anten fest til ein av dei eksisterande nodane eller klikk på segmentet for å leggja til ein ny node.)
- Vel den same noden igjen og trykk på Slett-tasta for å fjerna han.
- Gjenta for dei andre tre endane.
- Ferdig!
Merknader:
- Sjekk at sirkelen har rett orientering. (Bruk Verktøy -> Reverser veger for å endra han.)
- Sjekk om vegane er ein del av ei relasjon. Viss du ikkje bryr deg om relasjonar, ver venleg og ikkje øydelegg dei. Det er fint å ha pene rundkøyringar, men relasjonar er faktisk nyttige :) .
- Sjå Tag:junction=roundabout for fleire detaljar.
- Tilbake til Hovudhjelp
Last modified
2 months ago
Last modified on 2025-10-27T06:58:30+01:00
Note:
See TracWiki
for help on using the wiki.









