wiki:Fo:Help/Action/ChooseTrackVisibility

Version 1 (modified by paleid, 3 months ago) ( diff )

Fo added

Vel Sporvisning

Tilgjengeleg frå høgreklikkmenyen for kvart GPX-lag (med fleire GPX-spor) i Lagdialogen

I denne dialogen kan du velja kva for spor frå nedlasta eller opna GPX-data som skal visast. Som standard vert alle spor viste, og du kan veksla synleiketen for alle spor med den vanlege source:trunk/resources/images/dialogs/showhide.svg vis/gøym-knappen som alle lag har.

For å velja spora du vil visa, kan du bruka såkalla "dra og vel". For å utføra denne handlinga, venstreklikk på ein av oppføringane og flytt deretter markøren opp eller ned i lista, avhengig av kva du vil velja. Slipp markøren for å fullføra valet. Du kan veksla enkelte spor ved å Ctrl+klikkja på dei. Ctrl+"dra og vel" fungerer også og fjernar eller legg til i valet ditt avhengig av om den fyrste raden var vald eller ikkje. Viss du vil sjå alle spora igjen, kan du også bruka source:trunk/resources/images/dialogs/layerlist/eye.svg "vis alle"-knappen.

Du kan endra storleiken på kolonnene ved å dra den vesle linja mellom kolonneoverskriftene for å visa avkutta tekst. Alternativt kan du berre halda musepeikaren over ei celle for å visa innhaldet i eit verktøytips. Viss du vil kopiera informasjonen, bruk GPX-lagets Info-dialog i staden (sjå nedanfor).

Kartet vert oppdatert kvar gong valet endrast, slik at du enkelt kan identifisera spora du vil ha synlege. Viss du trykkjer source:trunk/resources/images/cancel.svg avbryt, vert dei førre innstillingane gjenoppretta.

Innstillingane går tapt viss du slettar laget eller avsluttar JOSM.

Du kan opna lenkjene i URL-kolonnen ved å dobbeltklikkja på dei. Dei vert opna i din eksterne nettlesar. Lenkjer i andre kolonnar kan ikkje opnast på denne måten, men du kan kopiera dei frå GPX-lagets Info-dialog. Han er tilgjengeleg frå lagets høgreklikkmeny (avslutt først dialogen for å velja sporvisning).

Døme

Døme på dialogen for å velja sporvisning med to spor valde.

Example of the choose track visibility dialog for downloaded GPX data. Two tracks have been selected.


Tilbake til Meny GPXLayer
Tilbake til Hovudhjelp

Note: See TracWiki for help on using the wiki.