Search:
Login
Preferences
Help/Guide
About Trac
Register
Forgot your password?
Wiki
Timeline
Changelog
Browse Source
View Tickets
New Ticket
Roadmap
Builds
Sonar
Search
Context Navigation
+0
Start Page
Index
History
Editing Nn:HowTo
Adjust edit area height:
8
12
16
20
24
28
32
36
40
Edit side-by-side
[[TranslatedPages(revision=43)]] [[PageOutline]] = Korleis-gjer-man = Denne sida vil forhåpentlegvis gje deg nokre tips om korleis du utfører vanlege oppgåver i JOSM. == Korleis endrar ein eit kryss til ein rundkøyring == #Rundkøyring La oss seia at nokon har teikna eit kryss, men du veit betre og vil heller ha ein rundkøyring. Viss det er ein liten ein, legg til merket [osmwiki:Tag:highway%3Dmini_roundabout highway=mini_roundabout], og du er ferdig. Viss ikkje, fortsett... * Teikn ei ei linje, omtrent like lang som diameteren til rundkøyringen. [[Image(HowTo:roundabout1.png)]] * Vel linja og bruk ''Verktøy -> Lag sirkel''. [[Image(roundabout2.png)]] * Viss du synest han ikkje er rund nok, legg til fleire nodar og bruk ''Verktøy -> Juster nodar i sirkel''. * Flytt sirkelen over krysset. [[Image(HowTo:roundabout3.png)]] * Du kan rotera sirkelen ved å halda CTRL+SHIFT i ''Vel''-modus. No demonterer vi krysset :) * Vel noden i midten og løysrev han ved å trykka G (''Verktøy -> Løysrev veger'') * Klikk på eit tomt område for å fjerna valet. Vel den sentrale noden igjen (det er to av dei oppå kvarandre no), og flytt han litt. Dei to vegane skal no vera separerte. [[Image(HowTo:roundabout4.png)]] * Vel ein av dei to nodane og trykk P (''Verktøy -> Del veg''). Vel den same noden igjen, løysrev han (snarveg G), vel han på nytt og flytt han litt. [[Image(HowTo:roundabout5.png)]] * Gjenta med den andre vegen; du skal no ha fire lause endar. * Flytt desse endane omtrent til der dei skal koplast til sirkelen. [[Image(HowTo:roundabout6.png)]] * Klikk på ein av endane og trykk A. * Klikk på sirkelen for å leggja til vegen til rundkøyringen. (Anten fest til ein av dei eksisterande nodane eller klikk på segmentet for å leggja til ein ny node.) [[Image(HowTo:roundabout7.png)]] * Vel den same noden igjen og trykk på ''Slett''-tasta for å fjerna han. * Gjenta for dei andre tre endane. * Ferdig! [[Image(HowTo:roundabout8.png)]] Merknader: * Sjekk at sirkelen har rett orientering. (Bruk ''Verktøy -> Reverser veger'' for å endra han.) * Sjekk om vegane er ein del av ei relasjon. Viss du ikkje bryr deg om relasjonar, ver venleg og ikkje øydelegg dei. Det er fint å ha pene rundkøyringar, men relasjonar er faktisk nyttige :) . * Sjå [osmwiki:Tag:junction=roundabout] for fleire detaljar. ---- * Tilbake til [wikitr:/Help Hovudhjelp]
Note:
See
WikiFormatting
and
TracWiki
for help on editing wiki content.
Change information
Your email or username:
E-mail address and name can be saved in the
Preferences
Comment about this change (optional):
Note:
See
TracWiki
for help on using the wiki.