Search:
Login
Preferences
Help/Guide
About Trac
Register
Forgot your password?
Wiki
Timeline
Changelog
Browse Source
View Tickets
New Ticket
Roadmap
Builds
Sonar
Search
Context Navigation
+0
Start Page
Index
History
Editing Nn:Help/Action/ChooseTrackVisibility
Adjust edit area height:
8
12
16
20
24
28
32
36
40
Edit side-by-side
[[TranslatedPages(revision=10)]] = Vel Sporvisning = **Tilgjengeleg frå høgreklikkmenyen for kvart GPX-lag (med fleire GPX-spor) i [wikitr:/Help/Dialog/LayerList Lagdialogen]** I denne dialogen kan du velja kva for spor frå [wikitr:/Help/Action/Download#Downloadfromosm nedlasta] eller [wikitr:/Help/Action/Open opna] GPX-data som skal visast. Som standard vert alle spor viste, og du kan veksla synleiketen for alle spor med den vanlege [[JOSMImage(dialogs/showhide,16)]] vis/gøym-knappen som alle lag har. For å velja spora du vil visa, kan du bruka såkalla "dra og vel". For å utføra denne handlinga, venstreklikk på ein av oppføringane og flytt deretter markøren opp eller ned i lista, avhengig av kva du vil velja. Slipp markøren for å fullføra valet. Du kan veksla enkelte spor ved å `Ctrl+klikkja` på dei. `Ctrl+"dra og vel"` fungerer også og fjernar eller legg til i valet ditt avhengig av om den fyrste raden var vald eller ikkje. Viss du vil sjå alle spora igjen, kan du også bruka [[JOSMImage(dialogs/layerlist/eye)]] "vis alle"-knappen. Du kan endra storleiken på kolonnene ved å dra den vesle linja mellom kolonneoverskriftene for å visa avkutta tekst. Alternativt kan du berre halda musepeikaren over ei celle for å visa innhaldet i eit verktøytips. Viss du vil kopiera informasjonen, bruk GPX-lagets [wikitr:/Help/Action/LayerInfo Info-dialog] i staden (sjå nedanfor). Kartet vert oppdatert kvar gong valet endrast, slik at du enkelt kan identifisera spora du vil ha synlege. Viss du trykkjer [[JOSMImage(cancel,16)]] avbryt, vert dei førre innstillingane gjenoppretta. Innstillingane går tapt viss du slettar laget eller avsluttar JOSM. Du kan opna lenkjene i URL-kolonnen ved å dobbeltklikkja på dei. Dei vert opna i din eksterne nettlesar. Lenkjer i andre kolonnar kan ikkje opnast på denne måten, men du kan kopiera dei frå GPX-lagets [wikitr:/Help/Action/LayerInfo Info-dialog]. Han er tilgjengeleg frå [wikitr:/Help/Menu/GPXLayer lagets høgreklikkmeny] (avslutt først dialogen for å velja sporvisning). == Døme == Døme på dialogen for å velja sporvisning med to spor valde. [[Image(Help/Action/ChooseTrackVisibility:choose_track_visibility_example.png)]] ---- Tilbake til [wikitr:/Help/Menu/GPXLayer Meny GPXLayer][[Br]] Tilbake til [wikitr:/Help Hovudhjelp]
Note:
See
WikiFormatting
and
TracWiki
for help on editing wiki content.
Change information
Your email or username:
E-mail address and name can be saved in the
Preferences
Comment about this change (optional):
Note:
See
TracWiki
for help on using the wiki.